Joshua Redman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Joshua Redman

Joshua Redman (fødd 1. februar 1969) i Berkeley er ein framståande jazz-saxofonist frå USA. Han er son til tenorsaxofonisten Dewey Redman.

Redman vann Thelonious Monk International Jazz Saxophone Competition i 1991. Framover 1990-talet utvekla han ein personleg stil, fyrst på innspelinga til faren i 1992, Choices. På si fyrste innspeling som bandleiar, Wish, hadde han med seg ein rad stjerner. Dei var gitaristen Pat Metheny, bassisten Charlie Haden og trommeslagaren Billy Higgins. Han fortsette med ulike kvartettar fram til han saman med tangentspelaren Sam Yahel og trommeslagaren Brian Blade danna trioen Elastic.

Han er òg kunstnerisk leiar i SF Jazz Collective i San Francisco. Dette blir av mange rekna som eit geografisk og filosofisk motstykke til det ny-klassisistiske Lincoln Center Jazz Orchestra under leiing av Wynton Marsalis.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Joshua Redman (1993)
  • Wish (1993)
  • MoodSwing (1994)
  • Joshua Redman Captured live (1994)
  • Spirit of the Moment Live at Village Vanguard (1995)
  • Freedom in the Groove (1996)
  • Timeless Tales (for Changing Times) (1998)
  • Beyond (2000)
  • Passage of Time (2001)
  • Elastic (2002)
  • Momentum (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]