Joy Division

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Joy Division

Aktiv1976–1980
Sjangerpost-punk
PlateselskapFactory Records
PrisarMOJO Awards

Joy Division var eit britisk postpunkband skipa i Salford ved Manchester i 1976. Bandet bestod av Ian Curtis, Bernard Sumner, Peter Hook og Stephen Morris, av som dei tre sistnemnda kom å danna gruppa New Order i 1980. Musikken til Joy Division blir karakterisert av ein hard og tung lyd, med mørk og dyster song.

Gruppa gav berre ut to album; Unknown Pleasures i 1979 og Closer i 1980. Likevel kom ho til å få stor innverknad som pionarar innan postpunk på slutten av 1970-talet.

Det fyrste albumet til gruppa gjorde henne internasjonalt kjend. Før albumet vart utgitt og Joy Division skulle turnera i USA, tok Curtis livet av seg i mai 1980. Andre medlemmar heldt fram under namnet New Order og med ein delvis endra musikalsk retning.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den 20. juli 1976 var Bernard Sumner og Peter Hook kvar for seg på ein Sex Pistols-konsert i Manchester Lesser Free Trade Hall. Gruppa hadde hatt ein kjend konsert der den 4. juni, som hadde før til ei enorm interesse for punk i byen. Dagen etter konserten kjøpte Hook sin fyrste bass, og Sumner og Hook danna eit band saman med Terry Mason som òg hadde vore på konserten. Dei søkte etter ein songar og sette opp ein annonse på ein Virgin Records-butikk i Manchester. Ian Curtis, som dei tre kjende frå tidlegare konsertar, svarte på han, og blei teken inn i bandet utan å prøvesynga. I byrjinga brukte gruppa namnet Stiff Kittens, men bytta etter kort tid til Warsaw, ein referanse til David Bowie sin song «Warszawa». Den fyrste spelinga under dette namnet blei gjort 29. mai 1977. Tony Tabac blei ny trommeslagar og Mason blei manager for gruppa. Tabac blei i sin gong erstatta av Steve Brotherdale i juni 1977. I juli 1977 spelte gruppa inn fem demosongar ved Pennine Sound Studios i Oldham. Broderdale hadde ein aggressiv oppførsel som førte til at han måtte forlate bandet etter demo-opptaka. Han blei erstatta av Stephen Morris.

For å unngå samanblanding med punkbandet Warsaw Pakt frå London tok gruppa i bruk namnet «Joy Division» i byrjinga av 1978. Namnet kjem frå det nazistiske namnet på prostisjusjonsbrakker i konsentrasjonsleirane,[1] og blir nemnt i The House of Dolls (1955.). I desember 1978 spelte gruppa inn det som blei debut-EP-en sin, An Ideal for Living, i Pennine Sound Studios. Han kom ut i juni 1978. I september 1978 debuterte gruppa på TV i Granada Reports presentert av Tony Wilson. Joy Division vart seinare eit av banda til Wilson på selskapet Factory Records etter at dei var kjøpt laus frå RCA.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • 1979 Unknown Pleasures
  • 1980 Closer

EP[endre | endre wikiteksten]

  • 1978 An Ideal for Living

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Joy Division/New Order | Members, History, & Albums | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 20. januar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Joy Division