Jules A. Hoffmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jules A. Hoffmann (2011)

Jules Alphonse Hoffmann (fødd 2. august 1941) er ein fransk biolog oppvaksen i Luxemburg. Han er vinnaren av nobelprisen i medisin 2011.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

Hoffmann studerte biologi og kjemi ved Universitetet i Strassbourg og fekk vitskapleg doktorgrad der i 1969. Frå og med 1964 har Hoffmann vore forskingsassistent ved Centre national de la recherche scientifique, og i 1974 vart han forfremja til forskingsdirektør. Særleg studerte han insekt og hormona deira, samt cellulær og molekulær biologi. I 2007 vart Hoffmann president i det franske vitskapsakademiet.

Hoffmann forska særskilt på stoffskiftet i hormonet Ecdyson og forsvarssystemet til fluger. Dette består i antistoff som blir syntetisert av flugene, og som til dels kan aktiverast til proteintypen toll-protein. Liknande protein finst òg i menneskekroppen, og vert kalla Toll-like receptors. (Omsett til norsk:Toll-liknande reseptorar/mottakarar.) Toll-like receptors kan spela ei viktig rolle i immunsystemet når ein skal skilja ut framandlekamar og binda endotoksin. Bruce A. Beutler var særleg involvert i oppdaginga av Toll-like receptors.

Heider[endre | endre wikiteksten]

I 2011 vart Jules A. Hoffmann tildelt nobelprisen i medisin saman med Bruce A. Beutler og den då avdøde Ralph M. Steinman. Dei fekk prisen for forskinga deira på medfødt og tilpasningsdyktig immunitet. I tillegg til nobelprisen har Hoffmann fått ei lang rekkje prisar for arbeidet sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jules A. Hoffmann