Kåre Valebrokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kåre Valebrokk under åpning av kunstutstilling i Bergen Kunstmuseum, mai 2009

Kåre Valebrokk (fødd 17. desember 1940 i Kristiansand, død 9. februar 2013 i Oslo) var ein norsk pressemann.

Kåre Valebrokk vaks opp i Kristiansand med foreldra Inga Røyrås og Peder Valebrokk, som var forhandlar av landbruksmaskinar. Han utdanna seg til diplomøkonom ved BI. Frå 1968 til 1979 arbeidde han i næringslivet. I 1980 begynte han som journalist i VG.[1] Frå 1985 til 1999 var han redaktør/sjefsredaktør i avisa Dagens Næringsliv, og hadde ei nøkkelrolle i arbeidet må å etablere avisa som fram til 1987 hadde namnet Norges Handels- og Sjøfartstidende som den viktigaste økonomiavisa i Noreg.

Han var ansvarleg redaktør og administrerande direktør i Norsk TV 2 frå 11. oktober 1999 til 13. juni 2007.

Frå 2008 var han leiar for styret i Bergen kunstmuseum.

Kåre Valebrokk er far til Per Valebrokk, sjefredaktøren i E24.

Referansar[endre | endre wikiteksten]