Kökar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kökar er ei isolert øy søraust for Åland i Finland. Ho er òg ein kommune i Åland. Det går båt frå Långnäs i Åland eller frå Galtby med vidare samband til det finske fastlandet. Kommunen har 296 innbyggjarar (2004), og dekkjer eit areal på 57,8 km², der 0,33 km² er innlandsvatn. Folketettleiken er 5,2 innbyggjarar per km².Kommunen har berre svenskspråklege innbyggjarar.

Naturreservatet Östra Långskär ligg mellom anna i kommunen, og av andre større øyar finn ein Kyrkogårdsö.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kökar vart først busett for over 3000 år sidan av seljegerar. I mellomalderen vart Kökar den siste utposten i Austersjøen. Eit fransiskanarkloster vart grunnlagd på Hamnö på 1400-talet. I dag er det berre ruinar igjen av klosteret, og ei kyrkje dedisert til St. Anna vart bygd i 1784 oppå den gamle klosterkyrkja.

Forfattaren Ulla-Lena Lundberg vart fødd her i 1947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]