Åland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Åland
   
Åland sitt flagg
Åland sitt våpen
Åland sitt flagg Åland sitt våpen
Åland på verdskartet
Status Finsk sjølvstyrt landskap
Lantråd Viveka Eriksson (2007-)
Hovudstad Mariehamn
Offisielt språk Svensk
Areal

- % vatn

13 517 km²

89%

Folketal

- totalt
- folketettleik

ca. 26 711 (2005)
ca. 2,0/km²

Verdsdel Europa
Internet-domene .ax
Tidssone UTC +2
Internasjonal telefonkode +358
Nasjonalsong Ålänningens sång


Åland (fi. Ahvenanmaa, «Åborlandet»), er eit sjølvstyrande øyrike i Finland. I Finland vert Åland rekna både som eit len og eit landskap. Det har over 6 500 øyar som ligg inst i Austersjøen, mellom Sverige og Finland. Dei om lag 26 000 innbyggjarane er svenskspråklege. Hovudstaden og den einaste byen på Åland heiter Mariehamn og ligg på den største øya, Fasta Åland.

Sjølv om Åland ligg nærare Sverige både språkleg og geografisk, vart øyriket sett på som finsk då Finland sa seg sjølvstendig i 1917. Medan finsk nasjonalisme voks på fastlandet, vart ålendingane meir stolte av å vera svenske. Dei aksjonerte for å bli ein del av Sverige, og Finland svara med å byda dei autonom status i republikken. Konflikten er ein av dei få som vart løyste av Folkesambandet, som sa at Åland skulle verta ein autonom region i Finland, men at kulturen og språket deira måtte vernast. For å halda Åland ålandsk har øyane til dømes strenge reglar om kven som kan kjøpa og eiga land der. Samtidig gjorde ein internasjonal avtale øyriket til eit nøytralt og demilitarisert område.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Åland