Königssee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Königssee
Königssee - Utsyn frå St. Bartholomä
Utsyn frå St. Bartholomä
Stad Lengst sør i Bayern i Tyskland
Koordinatar 47°33′N 12°58′EKoordinatar: 47°33′N 12°58′E
Tilsig Schreinbach, Obersee, Kesselbach, Eisbach, Königsbach
Utsig Königsseer Ache
Største lengde 7,7 km
Største breidde 1,7 km
Overflateareal 5,218 km²
Middeldjupne 98,1 m
Største djupne 190 m
Høgd over havet 603 m
Øyar 1 (Christlieger)
Busetnadar St. Bartholomä, Schönau am Königssee
Utsyn frå Malerwinkel
Kyrkja St. Batholomä Church og austsida av Watzmann

Königssee er ein innsjø heilt søraust i Bayern i Tyskland, nær grensa til Austerrike. Han ligg nær den bayerske byen Berchtesgaden, like sør for den austerrikske byen Salzburg i dei tyske Alpane. Königssee (Kongens innsjø) er den djupaste innsjøen i Tyskland. Innsjøen vart danna av isbrear under den siste istida. Han er 7,7 km lang og om lag 1,7 km brei på det breiaste. Bortsett frå utsiget, elva Königsseer Ache ved landsbyen Königssee, er innsjøen omringa av bratte fjell, som Watzmann.

Innsjøen er kjend for det klåre vatnet, og det vert sagt at det et den reinaste innsjøen i Tyskland. På grunn av dette har det berre vore lov med straumdrivne båtar og robåtar på innsjøen sidan 1909. Innsjøen og områda rundt er ein svært populær turiststad.

St. Bartholomä, eit lite og attraktivt kloster, ligg ved innsjøen.

Bakrgunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Königssee

Kjelde[endre | endre wikiteksten]