Istid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Under ei istid er det isdekke over områda nær polane
Figuren viser variasjonar i temperatur, CO2-innhald og partiklar frå Vostok-iskjernar dei siste 400 000 åra

Istid er ein langvarig klimaperiode med låg temperatur på heile eller delar av jorda. Dette fører til at isdekket aukar nær polane og i høgtliggjande fjellområde mot ekvator.

Glasiologar nyttar ofte omgrepet «istid» om ei periode der det er isdekke på båe hemisfærane, og med denne definisjonen er vi i ei istid i dag på grunn av isdekket på Grønland og Antarktis.

I daglegspråket nyttar vi oftare uttrykket istid om dei periodane dei siste fem millionar åra då store delar av Eurasia og Nord-Amerika var dekte av is. I så fall slutta den siste istida for om lag 10 000 år sidan.

Denne artikkelen nyttar det formelle glasiologiske omgrepet istid og nyttar omgrepa glasial periode om dei kaldare periodane og interglasial om dei varmare periodane.

Det har vore mange glasiale periodar på jorda dei siste millionar åra. Tidlegare var frekvensen mellom dei om lag 40 000 år, men no er me inne i ein syklus der frekvensen har vore på 100 000 år. Flest studiar tek føre seg dei seinaste glasiale periodane. Det har vore fire store og fleire små glasiale periodar i den nyare geologiske historia.

Historia om istid-teorien[endre | endre wikiteksten]

Det har vore kunnskap hjå folk i fjellstroka i Europa om at isbrear har vore mykje meir utbreidde i tidlegare tider. Mellom anna vitnar eit tresnitt om utbreiinga til isbreen i det sveitsiske passet Grimsel.[1] Tanken om at det hadde vore ein istid, kjem ikkje frå berre éin person;[2] mellom 1825 og 1833 samla Charpentier prov til støtte for istidteorien, og i 1836 vart Louis Agassiz overtydd om teorien og gav ut boka Étude sur les glaciers (Studiar av isbrear) i 1840.[3]

På dette tidlege tidspunktet studerte ein glasiale periodar dei seinaste hundre tusen åra i noverande istida. Eldgamle istider var det enno ikkje nokon kunnskap om.

Prov for istid[endre | endre wikiteksten]

Det er tre hovudprov for istidene: geologiske, kjemiske og paleontologiske.

Geologiske prov består mellom anna av utvaskingar og riper i fjell, avsett lausmasse i form av morene, drumlin og tilsvarande, profilar på dalar og vandreblokkar. Vedvarande isbrear har ein tendens til å forstyrre og skure bort geologiske prov og gjer at dei er vanskelege å tolke. Derfor tok det lang tid å kome fram til den rådande teorien.

Kjemiske prov består for det meste av variasjonar i isotopraten i sedimentære bergartar, kjerneprøver frå havbotnsediment, og i kjerneprøver frå dagens isbrear.

Dei paleontologiske prova består av historiske fordelingar av fossile funn. I glasiale periodar er det funn av organismar tilpassa kalde tilhøve nærare ekvator enn i interglasiale periodar.

Det er vanskeleg å forske på historiske isbrear, men teorien om istider står svært sterk i vitskaplege miljø i dag.

Viktige istider[endre | endre wikiteksten]

Det har vore minst fire store istider i jordas historie. Den første istida det finst hypotesar om, varde frå om lag 2,7 til 2,3 milliardar år sidan (i tidleg proterozoikum).

Den tidlegaste veldokumenterte istida varde frå 800 til 600 millionar år sidan (i tidleg kryogenisk periode). Forskarar meiner at det låg permanent sjøis svært nær ekvator i denne istida.

Ei mindre istid varde frå 460 til 430 millionar år sidan (i sein ordovicium periode).

I perioden frå 350 til 260 millionar år sidan var det utvida isdekke rundt polane.

Seismogram viser varierande sekvensar av glasiale og mellomglasiale periodar de siste millionar åra.

Den noverande istida byrja for 40 millionar år sidan. Ho byrja med at isdekket i Antarktis voks. Istida vart forsterka for om lag 3 millionar år sidan då isdekket breidde seg over den nordlege hemisfæren. I tida etter har det vore syklar med glasiale periodar der isdekket har drege seg att og fram med ein frekvens på mellom 40 000 og 100 000 år. Den siste glasiale perioden enda for om lag 10 000 år sidan.

Årsaker til istid[endre | endre wikiteksten]

Det er semje om at det er fleire årsaker til klimavariasjonar som fører til variasjonar i utbreiinga av isdekket.

Dei viktigaste er:

  • Endringar i atmosfæren. Det mest relevante er endringar i drivhuseffekten.
  • Posisjonen til kontinenta. Plassering av kontinenta kan stoppe drifta av varmt vatn frå områda nær ekvator til polane.
  • Vinkelbanen jorda har mot sola. Når vinkelen er rett, vert ikkje somrane nær polane varme nok til å smelte isen frå vinteren.
  • Variasjonar i energien sola sender ut. Det er syklusar med sterk grad av solflekkar som reduserer energimengda jorda får frå sola.
  • Vulkansk aktivitet kan føre store mengder med partiklar i atmosfæren som avkjøler jorda.

Nylege glasiale og mellomglasiale periodar[endre | endre wikiteksten]

Tabellen under seier kor langt sør isdekket har vore i nylege glasiale periodar. Stadnamn før '/' er nordamerikanske, namn etter er nordeuropeiske.

Wisconsin-/ Würm-/Weichsel-istida glasial (seinaste)   15 000 fvt.–70 000 fvt.
Eem mellomglasiale æra     mellomglasial   70 000 fvt.–130 000 fvt.
Illinois-/Riss-/Saale-istida glasial 130 000 fvt.–180 000 fvt.
Yarmouth-/Holsten-mellomistida mellomglasial 180 000 fvt.–230 000 fvt.
Kansas-/Mindel-/Elster-istida glasial 230 000 fvt.–300 000 fvt.
Cromer mellomglasiale æra mellomglasial 300 000 fvt.–330 000 fvt.
Nebraska-/Elbe-/Günz-istida glasial 330 000 fvt.–470 000 fvt.
Waalian mellomglasiale æra mellomglasial 470 000 fvt.–540 000 fvt.
Donau II-istida glasial 540 000 fvt.–550 000 fvt.
Tiglian mellomglasiale æra mellomglasial 550 000 fvt.–585 000 fvt.
Donau I-istida glasial 585 000 fvt.–600 000 fvt.
Pastonian mellomglasiale æra mellomglasial 600 000 fvt.–800 000 fvt.
Pre-Pastonian-istida glasial 800–1,3 mill. år sidan
Bramertonian mellomglasiale æra mellomglasial 1,3 mill.–1,55 mill. år sidan

Framtidige istider[endre | endre wikiteksten]

Me er no mest truleg inne i ei mellomistid, men ein kan ikkje sjå bort ifrå at isbreane igjen kan legge seg over dei nordlege landområda. Hellinga til jordaksen og endringar i jordbanen kring sola er faktorar som styrer klimaet på jorda. Sidan jordbanen no er nesten heilt sirkulær, syner modellutrekningar at utslaga er for små til å starte nye istider før om tretti til femti tusen år med dagens nivå av drivhusgassar i atmosfæren. Dei siste iskjernane frå Antarktis tyder derimot på at ein kan vente ei ny istid om kring 15 000 år fram i tid. Ein veit generelt særs lite om utsiktene til framtidige istider, mellom anna fordi ein har særs kompliserte tilbakekoplingsmekanismar som kan gjere at ei raskare oppvarming av atmosfæren faktisk kan framskunde starten på ei ny istid, fordi sirkulasjonane i atmosfæren og havet endrar seg.[4]

Noter[endre | endre wikiteksten]

  1. Imbrie, John and Katherine Palmer Imbrie. Ice Ages: Solving the Mystery. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press, 1979, 1986 (reprint). ISBN 0-89490-020-X; ISBN 0-89490-015-3; ISBN 0-674-44075-7. p. 25
  2. Aber, James S (4. august 2006). «Birth of the Glacial Theory». Emporia State University. 
  3. The North American review. / Volume 145, Issue 368, July 1887
  4. «istid» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]