Köniz
| Köniz | |||
|---|---|---|---|
| Den protestantiske kyrkja i Köniz til venstre, med borgslottet til høgre | |||
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Kanton | kantonen Bern | ||
| Distrikt | Bern-Mittelland | ||
| Språk | tysk | ||
| Borgarmeister | Luc Mentha | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - kommune |
51,2 km² |
||
| Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
39 102 763,7 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 572 moh | ||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 3098 | ||
| Nettstad: www.koeniz.ch | |||
Köniz er ein kommune i Bern-Mittelland i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 39 102 innbyggjarar (2010) og eit areal på 51 km². Kommunesenteret ligg 572 meter over havet. Byen er den 15. største i Sveits. Trass i det høge talet på innbyggarar har kommunen meir preg av landsby enn by. Kommunen har elles namn etter den største landsbyen, Köniz, med i knappe 7 000 innbyggarar.
Kommunen ligg i storbyområdet kring Bern, eit par-tre kilometer sørvest for bysentrum i Bern. Han strekkjer seg frå Aare i nordaust Schwarzwasser og Sense i søraust. Han består av landsbyane Köniz og Wabern i sentrum, hagebyen Liebefeld am Könizberg og Spiegel am Gurten samt fleire andre busetnader, som Niederwangen, Oberwangen og Thörishaus i Wangendalen samt Schliern, Schwanden, Niederscherli og Oberscherli, Mittelhäusern og Gasel.
Köniz har mange arbeidsplassar. Bedrifter som Berner Kantonalbank og Swisscom har mange tilsette i landsbyen Liebefeld. Både Sveits sitt veterinærdirektorat og helsedirektorat har sine hovudkontor i kommunen.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Köniz» frå Wikipedia på tysk, den 1. september 2011.
Bakgrunnsstoff [endre]
- A-M Dubler: Köniz på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historical Dictionary of Switzerland. Versjon frå 2005-12-20.