Veterinær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein veterinær tester ein hund for allergi.

Veterinær (lat. veterinus) eller cand. med. vet. (Candidatus/candidata (menn/kvinner) medicinæ veterinariæ) er ein verna tittel som kan bli bruka av kandidatar som har gjennomgått og bestått veterinærstudiet ved ein offentleg godkjent læreinstans i veterinærmedisin. Veterinærar blir ofte kalla dyrlege i Noreg. Profesjonen deira er å hjelpe dyr med å få god helse, anten gjennom førebygging av problem eller klinisk behandling.

Ein veterinær vaksinerer ei høne i Afghanistan.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Veterinærstudentar og hest som skal opererast i Berlin i 1931.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Claude Bourgelat grunnla den første veterinærmedisinske utdanning (L'art vétérinaire) då han i 1761 blei rektor ved det kongelege akademiet i Lyon i Frankrike. Bourgelat hadde i lengre tid vore interessert i anatomi og sjukdommar på hest, og utdanninga skulle verne og ta vare på hestar og annan buskap. Bourgelat klarte i februar 1762 å overbevise økonomiske myndigheiter om at det var grunnlag for å opprette ein veterinærmedisinsk institusjon, som først fekk namnet Guillotière før han bytta namn til Den kongelege veterinærskolen i 1764. Året etter opna også Bourgelat ein veterinærskole i Maisons-Alfort. Denne er framleis i drift som den eldste veterinærskolen i verda. Etter opninga av skolen i Alfort begynte det å dukke opp veterinærskolar andre stader i Europa.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg kan ein studere veterinærmedisin ved Noregs veterinærhøgskole i Oslo, men mange vel å ta slik utdanning også utanfor Noreg. Mange gjer dette fordi opptakskrava er svært høge i Noreg, men også fordi somme synes det er meir praktisk økonomisk. Det grunnleggande veterinærstudiet tar normalt ca. 5½–6 år (elleve semester i Noreg). Ferdig utdanna kandidatar får tittelen cand. med. vet. I Noreg er det mogleg å spesialisere seg på visse typar dyr, som smådyr (hundar, huskatter, gnagarar, fuglar), krypdyr, fisk, produksjonsdyr (storfe, gris) og hest.

Veterinærar i Noreg har hatt ein sterk fokus på mattryggleik og miljø. I nyare tid har det blitt ein sterkare fokus på fiskehelse/akvamedisin. Ved Noregs veterinærhøgskole har ein også satsa på vidareutdanningstilbod i form av internasjonale masterprogram innan mattryggleik og akvamedisin.

Mattilsynet gjev autorisasjon til veterinærar i Noreg, anten dei er utdanna her eller ved institusjonar i utlandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Veterinær