Kaba

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islam
Mosque02.svg
Heilage stader
MekkaMedinaAl-Quds (Jerusalem)NajafKarbala
Sakralbygg
moskéminaretmihrabqiblaKaba

Kaba Kvitkledde muslimar kretsar rundt Kaba.

Kaba er den viktigaste heilagdommen i islam. Dette er eit firkanta bygg som står midt på eit uterom i moskeen Masjid-ul-Haram i Mekka. Heilagdomen kjem av at dei truande reknar Kaba som det første bygget som vart laga for å tilbe Allah. Moskeen er bygd kring Kaba.

Bygget er dekt av svart tøy med gullbroderte skrifter frå Koranen. I det eine hjørnet av bygget er det murt inn ein svart stein. Etter tradisjonen skal steinen Hajar el Aswad ha vorte gjeven til Ismael av Gabriel då han leita etter ein stein som kunne markera ein av kantane til Kabaen. Ein truande muslim bør om mogleg ei gong i livet delta i valfart til Mekka og der gå sju gonger motsols kring Kaba. Helst skal ein ta på eller kyssa steinen.

Kaba har gjennom tidene vorte øydelagd og oppbygd fleire gonger. Muslimane trur at Kaba først vart bygd av Adam, som det første huset der Allah vart tilbeden. Abraham og son hans Ismael skal ha bygd opp att huset. Før profeten Muhammed var Kaba ein heilagdom for ei mengd arabiske guddomar. Etter overtaking av Mekka vigde Muhammed Kaba til den islamske guddomen og fjerna spora etter førislamske guddomar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kaba
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.