Skrift
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skulejente skriv for hand.
Skrift er eit samleomgrep brukt om teikn laga på ei flate som er meinte til å formidla språk. Ein kan laga skrift ved å teikna eller rissa ved hjelp av ein reiskap, som penn på papir eller griffel på ei tavle, eller ved å trykka ferdiglaga bokstavar, til dømes ved hjelp av ein datamaskin, skrivemaskin eller ei trykkepresse.