Kabuki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kabukiskodespelar som fiskeseljar.

Kabuki (歌舞伎, かぶき) er ei japansk teaterform som oppstod på byrjinga av 1600-talet. Kabuki er kjend for ein stilisert spelestil og ei spesiell sminking, den såkalla kumadori-sminkinga. Kraftfulle liner i raudt, blått eller svart skal understreke rørslene til ansiktsmusklane og symboliserer den grunnleggande karakteren til rollefiguren.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teaterforma blei innført i 1603 av Izumo no Okuni, ei ung jente som tente som miko i Kyoto, då ho tok til å framføra ei ny form for dansedrama på elvebreiddane. Spela, der kvinnelege skodespelarar framførte morosame stykke frå dagleglivet, blei raskt svært populære, og Okuni blei til og med beden om å spela for keisarhoffet.

Etter kvart blei det framført mange stykke som var svært dristige, for ikkje å seia uanstendige, mange av skodespelarane var prostituerte, og atmosfæren blant tilskodarane var ofte valdeleg. I 1629 blei det forbode for kvinner å spela skodespel med den uttrykte grunngjevinga at herskarane ville verna den offentlege moralen. Kabukitradisjonen fortsette med mannlege skodespelarar, men i same stilen, og også desse dreiv ofte med prostitusjon i tillegg til skodespelet. I 1652 forbaud shogunen derfor også unge menn å spela skodespel.

Kabuki blei gjeve status som immateriell verdsarv av UNESCO i 2005.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2001~2100». Kabuki21.com. Henta 25. juli 2014. 
  2. «UNESCO Culture Sector - Intangible Heritage - 2003 Convention :». Unesco.org. Henta 25. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kabuki
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.