Kabylia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 36°49′N 4°18′E

Denne artikkelen handlar om regionen i Algerie. For meir om folkegruppa, sjå kabylar.
Landskap i Kabylia
Kabylia avmerkt i Algerie

Kabylia (kabylsk: Tamurt Iqbayliyen, Tamurt n Leqbayel eller Tamurt idurar) er ein historisk og etnisk region i Nord-Algerie som ligg mellom Alger i vest og Skikda i aust.

Han er ein del av Tell-Atlas og ligg i den vestre enden av Middelhavet. Kabylia dekkjer fleire provinsar i Algerie: heile Tizi Ouzou og Bejaia (Bgayet), mesteparten av Bouira (Tubirett) og delar av wilayaene Bordj Bou Arreridj, Jijel, Boumerdes, and Setif. Gouraya nasjonalpark og Djurdjura nasjonalpark ligg også i Kabylia. Regionen er inndelt i Stor-Kabylia og Vesle-Kabylia.

Som den moderne arvtakaren til den historiske berbarkulturen, vert Kabylie rekna som ei vogge til den vestlege sivilisasjonen.[1]

Det er viktig å ikkje blande saman «Kabylia» og den kabylske folkesetnaden andre stader i verda: rundt 25% av kabylane bur i hovudstadsregionen Alger. Denne artikkelen omfattar altså berre den historiske regionen «Kabylia».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Le berbère, lumière de l'occident av Vincent Serralda.