Kaffeklubben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kaffeklubben er det danske namnet på den nordlegaste øya i verda, som på grønlandsk språk heiter øya Inuit Qeqertaat. Øya er kring ein kilometer lang, og finst på 83°40'N 29°50'W, 37 km aust for Kapp Morris Jesup utanfor Peary Land på Grønland.

Ho vart oppdaga av Robert Peary i 1900. Den danske Jubilæumsekspeditionen 1921–23 gjekk i land på øya.

Oppdagaren Lauge Koch oppkalla øya etter ein uformell kaffiklubbGeologisk Museum ved Universitetet i København. Fleire av oppdagarane av øya var med i kaffiklubben.

Ein sandbanke er alt som er lenger nord. Denne heiter Oodaaq, og vart oppdaga i 1978. Ettersom denne ofte blir dekt av hav og havis kan han vanskeleg reknast som ei øy.