Raudsildre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Raudsildre


Raudsildre
Raudsildre

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Familie: Saxifragaceae (Sildrefamilien)
Slekt: Saxifraga L.
Art: S. oppositifólia
Vitskapleg namn
Saxifraga oppositifolia
Saxifraga oppositifolia

Raudsildre, Saxífraga oppositifólia L. er ein låg eviggrøn plante i sildrefamilien med karakteristiske motsette småblad og intenst raudfiolette blomstrar.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Det latinske namnet Saxifraga kjem av saxum, 'berg', og franere, 'sprenge'. Det viser til nyresildra, som har nyreforma blad, og etter signaturlæra då kunne hjelpe mot nyresjukdomar. Ho kunne «sprenge» nyrestein. Oppositifolia tyder: 'med motsette blad'.

Raudsildra har krypande skott med stive blad i fire rader. Ho blomstrar svært tidleg på våren med raudfiolette, toppstilte blomstrar. Ho dannar tette tuver som kan dekke store flater, og frå tuvene sender ho utløparar som ofte heng utover bratte bergskrentar. Til liks med andre planter som veks på tørre heiar har og raudsildra ei lang pælerot.

Raudsildra blomstrar svært tidleg; er snøen djup kan ho blomstre under snøen.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ho veks i svært ulike biotopar. Soleis er ho å finne både på tørre forblesne stadar, som moreneryggar, forvitringsgrus, opne reinroseheier og steinete strender. Raudsildra veks og i seine, våte snøleie, og på overrisla mark, helst med kalkrik grunn..

Ho er ein arktisk plante med cirkumpolar utbreiing. I tillegg til at ho finst i arktis, veks ho i alle fjellområde i Europa. Ho er funnen opp til 2350 m.o.h.på Galdhøpiggen. Ho er den blomeplanta som er funna lengst mot nord. På Nord-Grønnland veks ho på 83°15' N ved Fr.E.Hyde-fjorden.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Grønlandske inuittar et dei søtlege blomstrane når dei kjem fram om våren. I Noreg er raudsildra eit varsel om vår, og slik gler ho dei som går på ski i fjellet på vårvinteren.

Raudsildre er provinsblomster for Nunavut i Canada, og fylkesblomster i Nordland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Raudsildre