Kajennepepar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ei stor raud cayennepeparfrukt.

Kajennepepar er eit veldig sterkt krydderpulver. Det vert også kalla guineapepar, og er ein variant av chilipepar. Pulveret kan framstillast av frukta av ei rekkje planter i søtvierfamilien, som til dømes Capsicum baccatum og Capsicum frutescens. Nokre variantar, som går under namnet guineapepar, vert laga av planter i ingefærfamilien.

Ordet «kajenne» kjem frå indianarspråket tupi (i det nordlege Sør-Amerika i områda rundt Amazonas), der ein finn ordet kyinha som nemning for nettopp dette sterke krydderet. Namnet på hovudstaden i Fransk Guyana, Cayenne, har same opphav.

Den sterke smaken er nok grunnen til at krydderet på mange språk vert omtala som ein peparvariant. Eigentleg høyrer cayennepeparen botanisk til ein heilt annan artsfamilie. Krydderet vert mellom anna brukt i worcestersaus og i matrettene bacalao og paella.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]