Kakkelomn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kakkelomn på Alingsås museum.

Ein kakkelomn er ein lukka eldstad, ein omn, som er mura opp av tegl og kledd med glaserte keramiske fliser, såkalte kaklar. Kakkelomnen vert brukt til oppvarming av bustadhus og vert fyrt med ved. Denne typen omn utnyttar brenselet på ein svært effektiv måte.

Kakkelomnen var kjend i seinmellomalderen i Alpane og Sør-Tyskland, då som ein bileggaromn. På 1700-talet vart kakkelomnen vidareutvikla i Sverige, der han fekk særleg stor utbreiing og utkonkurrerte omnar av støypejern som varmekjelder i hus.

Svenske kakkelomnar vart mura opp av spesialistar, kakkelomnsmakarar, som i eldre tid òg sjølv kunne produsera kaklar til å kle omnen med. På 1800-talet vart produksjonen av kakkelomnar industrialisert, og kakkelomnsmakarane brukte industrielt framstilte kaklar, omnsdører og anna tilbehøyr til å fullføra omnar dei mura opp av vanleg murstein og eldfast tegl.

Norske omnar av støypejern vart gjennom 1600- og 1700-åra konsekvent (men feilaktig) kalla «jernkakkelomnar». Då ein avgrensa import av meir fyringsøkonomiske svenske kakkelomnar kom i gang på 1800-talet, var ordet «kakkelomn» så godt innarbeidd for omnar av støypejern, at dei importerte omnane vart kalla «svenskeomnar». Først i åra etter ca. 1970 har ordet «kakkelomn» fått attende den opphavlege tydinga si etter at importen av svenske kakkelomnar vart teken opp igjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]