Kalidasa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Shakuntala måla av Ravi Varma.

Kalidasa (sanskrit kālidāsa, 'tenar av Kali') var ein hinduforfattar som levde på 300- eller 400-talet i det som i dag er Nord-India. Kalidasa er rekna som ein av dei største diktarane og dramtikarane innan sanskritdikting, og var den som opna europeiske auge for verdet av indisk kultur på 1700-talet. Kalidasa er best kjend for verket Sakuntala, ei gjenforteljing av ein episode i Mahabharata.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Me veit lite om Kalidasa sjølv. Han hadde klart eit hinduisk livssyn, og kan ha vore brahminar, utan at dette går klart fram. Fleire bøner til Sjiva i tekstane tyder på at Kalidasa dyrka denne guden, noko også namnet, etter ektefellen til Sjiva, peiker mot. Samstundes priser han andre gudar, som Visjnu.

Tradisjonar knyter han til ein kong Vikramaditya, men det finst fleire indiske herskarar med dette namnet. Dei som er mest trulege å knyta til Kalidasa er Chandragupta II Vikramaditya av Gupta-riket (ca. 380–415) og Vikramaditya av Ujjain (102 f.Kr.–15).

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dei to første linjene av Meghaduta med granthaskrift og transliterert.

Kalidasa skreiv episke dikt og skodespel.

Me kjenner tre eller fire dikt:

  • Kumarasambhava, som skildrar fødselen til krigsguden Kartikeya
  • Raghuvamsha, om det gamle indiske Raghu-dynastiet
  • Meghaduta ('Skybodet'), om ein forvist halvgud som sender bod til den han elskar gjennom ei regnsky
  • Rtusamhara ('Samlinga av årstider')

Tre skodespel:

  • Malavikagnimitra, kjærleikssoge om Mālavikā og kong Agnimitra
  • Vikramorvashi, om kong Pururavas og himmelnymfa Urvasji
  • Sakuntala, om Sjakuntala og kong Dusjyanta som blir skilde og gjenforente.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Kalidasa blei først kjent i Europa gjennom orientalisten William Jones si engelske omsetjing av Shakuntala frå 1789. Verket blei deretter omsett til tysk, og blei godt likt av Goethe.

Sakuntala blei omsett til nynorsk av Olav Rytter i 1929 og av Halldis Moren Vesaas i 1956.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]