Kalligrafi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kalligrafi (frå gresk καλος ‘god’/‘vakker’ og γραφειν ‘skrive’/‘risse’) er kunsten å skrive bokstavar på ein kunstferdig måte. I Vesten vert primært ein breikanta skrivereiskap brukt, og denne reiskapen bidrog til å utforme og prege vestleg skrift frå romarane si tid (100-talet) til oppfinninga av boktrykkjarkunsten på 1400-talet. Under renessansen var litera antica (antikvaskrifta) fyrst ei handskriven bokstavform som så vart utgangspunktet for bokskrifta. Denne bokstavforma vert framleis brukt i bøker og til kontinuerlege tekstmengder. I 1906 bidrog Edward Johnston til ein renessanse for vestleg kalligrafi, m.a. med boka si Writing, Illuminating and Lettering. I dag er kalligrafi ei sjølvstendig kunstform, ei viktig øving for typedesignarat samt eit handverk i seg.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.