Kunst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fotografisk kunst av ein utøvande poikunstnar. (Foto: Hendrik Kueck)

Kunst (frå urgermansk kunst, 'kunne') er skapande verksemder som kan ha dekorativt eller kjenslemessig uttrykk, og resultatet av slike verksdemder. Medan 'kunst' opphavleg omfatta all menneskeleg aktivitet, også handverk og vitskap, blir det i dag sett på som eit uttrykk for menneskeleg skaparevne.

Menneske i alle kulturar har skapt kunst frå steinalderen og fram til våre dagar, både for si eiga skuld og for å skapa underhalding eller venleik for andre. Den kunstnariske skapartrongen kan derfor sjå ut til å vera ein viktig del av det å vera menneske.

Kunstomgrepet[endre | endre wikiteksten]

Denne Bodhisattvafiguren frå Java blei laga av ein handverkar. Likevel vil dei fleste kalla han eit kunstverk.

Omgrepet 'kunst' har hatt ulike tydingar til ulike tider. I mange samfunn, mellom anna i det gamle Hellas stod 'kunst' for praktisk kunne, som ein motsats til teoretisk kunne. All menneskeleg aktivitet som kravde eit visst handlag var kunst. Dei som skapte kunst var dyktige handverkarar.

I løpet av renessansen fekk omgrepet gradvis delvis nytt innhald. I tillegg til den personlege kunna til skaparen snakka ein no òg om det han laga som 'kunst'. I takt med at kunstverka fekk mindre praktisk bruk og blei høgare verdsette for innhaldet, blei òg opphavsmennene viktigare. Desse blei etter kvart sett på som kunstnarar, ei eiga gruppe menneske fylde av ei geni al, skapande kraft.

På slutten av 1900-talet blei idéen om ein indre kjerne og meining i kunsten forkasta av postmodernistiske tenkjarar. Kunst blei i staden sett på som eit produkt av prosessar påverka av samfunn og kultur. Under denne definisjonen kunne ein ikkje skilja mellom "god" og "dårleg" kunst. Det er i dag vanskeleg å definera kva som er kunst og kva som ikkje er det.

Mange held fortsatt på den opphavlege tydinga av kunst som noko ein kan skapa om ein har ein viss evne. I norsk finst spor etter denne haldninga i vanlege uttrykk som "det er inga kunst", eller bruken av "kunst" om ting som er skapte ved hjelp av menneskekunne, slik som kunstfiber eller kunstgjødsel.

Kunstformer[endre | endre wikiteksten]

Vestleg opera samanfatter mange ulike kunstformer, som song, dans, skodespel og bildekunst.

Det finst ei rekke ulike måtar å uttrykka seg kunstnarisk på. Dei kan delast inn på ulike måtar, til dømes i utøvande kunst, som musikk og teater, og skapande kunst, som bildekunst og arkitektur. Samstundes vil ofte fleire ulike kunstformer gå over i kvarandre.

Liste over kunstformer[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kunst