Byen Kano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kano i Nigeria)
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 12°00′N 8°31′E

Kano sett frå Dala Hill

Kano er ein by i Nigeria og administrasjonssenter i den nigerianske delstaten Kano. Kano hadde i 2005 ein estimert folkesetnad på 2 903 000.[1] Innbyggjarane i byen er hovudsakleg hausaer.[1] Tradisjonelt er det emiren av Kano som har hatt makta i byen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ein av portane i bymuren.

Kano ligg ved Jakara-elva. Gamlebyen har mange dammar og utgrovne hol der ein har henta ut gjørme til dei mange jordbygningane ein tradisjonelt har laga her.[1]

Gamlebyen ligg ved åsane Dalla og Goron Dutse. Den eldste bygningen i Kano er emirpalassaet Gidan Rumfa frå 1400-talet. Den store moskeen i Kano, som er den største moskeen i Nigeria, ligg like ved. Ein annan gammal bygning, Makama's House, finst også her og er eit museum for hausa- og fulanigjenstander.[1]

Kano har ein bymur som truleg er frå 1400-talet. Muren er 20 km lang, 9-15 meter høg og 12 meter brei nedst, og har 14 portar. Den føre bymuren var frå 1100-talet.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Porten til emirpalasset i Kano.

I følgje soga blei byen grunnlagd av smeden Kano frå gayasammen, som var på leiting etter jern.[1] Han blei hovudstad for Kanoriket under kong Gajemasu (regjerte 1095-1134).[1] Kanoriket var eit hausakongedøme som eksisterte frå rundt år 1000 til staten Nigeria blei til.

Byen har ei lang historie som handelssentrum for den vestlege Sudan-regionen, med handelsruter hit frå Nilen og Atlanterhavet og gjennom Sahara.[1]

Tidleg på 1800-talet blei byen hovudsetet for eit emirat, Kano-emiratet. Britane tok kontroll over byen i 1903. I 1912 opna ei jernbanelinje til Lagos, og Kano fekk mindre tyding som handelsby.[1]

Transport, næringsliv og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Kano er eit vegknutepunkt for vegtransport i Kano-staten og har jernbanesamband med Nguru, Lagos og Port Harcourt. Han har også internasjonal flyplass.[1]

Kano er framleis eit senter for handel og industri, med jordnøtter, skinn, egg og grisar frå det lokale landbruket samla her og seld til andre delar av Nigeria. Næringsmiddelindustrien her tilverker bakverk, kjøt, nøtter, pasta, hermetikk, matolje, øl og alkoholfrie drikkar. Byen har lett industri som mellom anna lager farmasøytiske produkt, kosmetikk, tekstilar, lêrvarer, møblar, fliser og telt, og tungindustri som omfattar produksjon av bilar, lastebilar, syklar, sement, stål og kjemikaliar. Av tradisjonelle industriar her kan nemnast garving og skinndekorasjon, mattefletting, tekstilfarging og saum, metallarbeid og keramikk.[1]

Byen har fleire høgare utdanningsinstitusjonar som Bayero University (1977), Kano State Institute for Higher Education og leire høgskular.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 «Kano» (2014), Encyclopædia Britannica.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Byen Kano