Sudan-regionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Typisk landskap frå Sudan-regionen.

Sudan er ei nemning brukt om eit savanneområde som kryssar Afrika på tvers frå den sørlege grensa av Sahara til områda med tropisk regnskog ved ekvator. Nemninga har gjeve namn til landet Sudan, som har territorium i store delar av området. Ho kjem frå arabisk bilâd as-sûdân (البلاد السودان), 'landet til dei svarte', og har minst vore i bruk sidan 1100-talet.

Sudanregionen ligg mellom breiddegradene 8° og 16° nord. Han strekkjer seg over 5 500 km frå Kapp Verde og Mali i vest til Dei etiopiske høglanda i aust. I nord markerer Sahel-området, med sin tørrare savanne, ein overgang til Saharaørkenen. I sør møter regionen dei vestafrikanske skogane og Kongoelva.

Regionen har ein nedbørsmengd på mellom 250 mm i nord og 1500 mm i sør. Han har ei tydeleg, ofte langvarig tørketid. Klimaet er som regel varmt heile året, dei varmaste månadane er juni til september.

Vegetasjonen i Sudanregionen er i stor grad savanne, store grassletter, i tillegg til savanneskog, område med høgt gras og låge tre og halvørken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sudan», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2010