Kantonar i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein kanton i Frankrike er ein administrativ inndeling av arrondissementa og departementa i landet. Dei består ofte av fleire kommunar.

Dei 100 departementa og 329 arrondissementa i Frankrike er vidare delt inn i 3 879 kantonar.

Rolle og administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Rolla til ein kanton er hovudsakleg å lage eit rammeverk for regionale val. Kvar kanton vel ein person til å representere seg ved conseil général du département — eller hovudstyret for departmentet, som er den grunnleggande administrative inndelinga av Frankrike.

I urbane område kan ein enkelt kommune bestå av fleire kantonar. På same måte kan eit kanton i landbruksområde bestå av fleire mindre kommunar. I slike tilfelle er gendarmerie-hovudkvarteret ofte plassert i den viktigaste byen (chef-lieu) i kantonen, sjølv om det finst unntak.

Dei tjue arrondissementa i Paris vert stundom rekna som kantonar, sjølv om dei ikkje har valmessige funksjonar.

Kantonar dannar òg rettsdisitrikt, som sete for Tribunaux d'instance eller «første rettsinstans».

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kantonane vart oppretta i 1790 samtidig med departementa.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Talet på kantonar varierer frå departement til departement. Territoire de Belfort har til dømes 15, medan Nord har 79.