Arrondissement i Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit arrondissement er ein administrativ inndeling av departementa i Frankrike. Dei 100 departementa i Frankrike er delt inn i 342 arrondissement.

Hovudstaden eller det administrative senteret i eit arrondissement vert kalla underprefektur. Når eit arrondissement inneheld prefekturet (hovudstaden) til departementet, så er prefekturet òg hovudstaden i arrondissementet, og fungerer som både prefektur og underprefektur.

Arrondissementa er vidare delt inn i kantonar og kommunar.

Rolle[endre | endre wikiteksten]

Administrasjonen av eit arrondissement vert halde av ein underprefekt (fransk sous-préfet), som assisterer prefekten i departementet.

I motsetnad til franske regionar, departement og kommunar, har ikkje arrondissementa status som ein juridisk eining i offentleg rett. I tillegg vert heller ikkje leiarane av arrondissementa vald av innbyggjarane, men utpeikt av den franske presidenten.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste departementa har berre tre eller fire arrondissement. Departementet Paris og Territoire de Belfort har berre ein, medan Moselle har ni.