Kapitalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kapitalisme har fleire ulike tydingar. Som eit økonomisk system, baserer kapitalisme seg på privat eigarskap og staten sitt vern over dette. Ein kapitalist er ein som har kapital. Denne kapitalen kan til dømes investerast i råvarer og arbeidskraft. Kapitalisten vil sitje att med produktet og profitten etter salet av produktet. Slik vi kjenner den, har kapitalismen vakse ut av det tidlegare merkantilistiske økonomiske systemet i Europa i tidleg moderne tid.

Vi kan også sjå på kapitalisme som ein økonomisk teori og eit politisk program. Vi vil då finne ei rekkje ulike tydingar og ideologiske leirar. Til dømes var kapitalismen, i følgje Marx, borgarskapet sin naturlege ideologi. Omveltinga av dette kapitalistiske systemet til fordel for kollektivt eigarskap av produksjonsmidla står sentralt i den kommunistiske ideologien. For tilhengjarar av klassisk liberal økonomi, er kapitalisme grunnleggjande positivt. Etter deira definisjon er frihandel ein sentral del av kapitalismen. Dette inneber at ein skal fjerne statleg regulering av handel og eigedom.