Palatinerhøgda

Koordinatar: 41°53′18″N 12°29′13″E / 41.88833°N 12.48694°E / 41.88833; 12.48694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ruinar på Palatinerhøgda.

Palatinerhøgda eller Palatinhøgda (latin: Collis Palatium) er den sentrale av dei sju høgdene i Roma og den eldste delen av byen. Han er 40 meter høg[1] ovanfor Forum Romanum på eine sida og Circus Maximus på andre. Høgda er det etymologiske opphavet til ordet «palass».

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

I følgje romersk mytologi var det på Palatinerhøgda at Romulus og Remus vart funne av ulvemora som heldt dei i live. I følgje dette segna fann gjetaren Faustulus spedborna og i lag med kona si Acca Larentia fostra dei borna. Då dei vart eldre var det her Romulus valde å byggje Roma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Roma har sitt opphav på Palatinerhøgda, og nylege utgravingar har vist at det har budd folk her frå sidan om lag år 1000 f.Kr.

Mange rike romarar i Den romerske republikken (510 f.Kr.– om lag 44 f.Kr.) budde her. Ruinane av palassa til Augustus (63 f.Kr.– 14 e.Kr.), Tiberius (42 f.Kr.–37 e.Kr.) og Domitian (51– 96) er framleis synleg. Augustus bygde òg eit tempel til Apollo her, ved sida av huset sitt.

Palatinerhøgda var òg staden der festivalen lupercalia vart halden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

41°53′18″N 12°29′13″E / 41.88833°N 12.48694°E / 41.88833; 12.48694