Kari Økland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Økland
Fødd16. desember 1955 (68 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Kari Økland (fødd 16. desember 1955) fødd Hartun, er ein norsk agronom, gardbrukar, lærar og politikar frå Bergen. Ho representerte Nordland fylke og Kristeleg FolkepartiStortinget 1997–2001.

Økland utdanna seg 1975-80 i hagebruk ved Norges Landbrukshøgskole og er cand.agric. Etter eit år som lærar ved landbruksskule, var ho heradsagronom 1982-86 i Hemnes. Etter den tid gardbrukar i Hemnes og lærar 1991-97 ved Bleikvassli skole.

Økland var 1984-87 medlem i skulestyret og 1987-1995 i kommunestyret i Hemnes. Valperioden 1991-95 var ho i tillegg medlem i formannskapet, arbeidsmiljøutvalet og forhandlingsutvalet i Hemnes. År 1997 vart ho vald til landsstyremedlem i Kristeleg Folkeparti og om hausten til stortingsrepresentant for Nordland fylke. På stortinget var ho i fireårsperioden medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen. Kristeleg Folkeparti fekk berre eitt mandat i Nordland ved stortingsvalet 2001. Økland vart då vararepresentant perioden 2001-05, møtte i til saman fire veker.

2003-07 var Økland styremedlem for Høgskolen i Bodø og frå 2005 medlem i riksvalstyret. Ho fekk i 2004 jobb som prosjektleiar for Trusopplærings-prosjektet i Hemnes prestegjeld.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]