Kristeleg Folkeparti
| Kristeleg Folkeparti | |
| Partileiar: | Knut Arild Hareide |
| Oppretta: | 1933 |
| Ideologi: | Kristendemokratisk |
| Farge: | Gul |
| Hovudkontor: | Øvre Slottsgate 18-20 Postboks 478 Sentrum 0105 Oslo |
| Epost: | krf@krf.no |
| Nettstad: | http://www.krf.no/ |
| Ordførarar: | 29 |
| Kommunestyrerepresentantar: | 808 (2003) |
| Fylkestingsrepresentantar: | 54 (2007) |
| Stortingsrepresentantar: | 11 (2005) |
| Medlemstal: | ? |
| Ungdomsorganisasjon: | Kristeleg Folkepartis Ungdom |
| Partiavis: | Folkets Framtid |
| Internasjonal tilknyting: | ? |
| Europeisk tilknyting: | ? |
| Les òg: | Norsk politikk Norske parti Norske røystingar |
Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.
Partiet sat frå valet i 2001 til oktober 2005 i regjeringsposisjon saman med partia Høgre og Venstre. Kjell Magne Bondevik si andre regjering vart utnemnd den 19. oktober 2001. Den noverande partileiaren er Knut Arild Hareide, som tok over for Dagfinn Høybråten i 2011.
Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik høyrer til KrF.
Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).
Innhaldsliste |
Historie [endre]
Kristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange, særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti. Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.
Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 6,7 % av røystene.
Stortingsval 1933-2005 [endre]
| Årstal | Prosent av røystene | Stortingsrepresentantar |
|---|---|---|
| 1933 | 0,8 % | 1 |
| 1936 | 1,3 % | 2 |
| 1945 | 7,9 % | 8 |
| 1949 | 8,5 %¹ | 9 |
| 1953 | 10,5 % | 14 |
| 1957 | 10,2 % | 12 |
| 1961 | 9,6 %¹ | 15 |
| 1965 | 8,1 %¹ | 13 |
| 1969 | 9,4 %¹ | 14 |
| 1973 | 12,2 %¹ | 20 |
| 1977 | 12,4 %¹ | 22 |
| 1981 | 9,4 %¹ | 15 |
| 1985 | 8,3 % | 16 |
| 1989 | 8,5 % | 14 |
| 1993 | 7,9 % | 13 |
| 1997 | 13,7 % | 25 |
| 2001 | 12,4 % | 22 |
| 2005 | 6,8 % | 11 |
| 2009 | 5,5 % | 10 |
¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eitt eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.
Bakgrunnsstoff [endre]
- KrF sin nettstad
- Samling om verdier; en studie av Kristelig Folkeparti 1969-2001
- Valresultat for KrF i kommune- og fylkestingsvalet 2007 (NRK)
Litteratur [endre]
- Olav Garvik (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7
- Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8