Karin Roten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karin Roten
Statsborgarskap Sveits
Fødd 27. januar 1976 (48 år)
Leukerbad
Idrett alpint
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998

Karin Roten Meier (fødd 27. januar 1976) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Leukerbad i kantonen Valais. Ho vann tre VM-medaljar og var særleg dyktig i slalåm og storslalåm.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Roten vann sølvmedaljen i storslalåm under verdsmeisterskapen i alpint 1996 i Sierra Nevada i Spania, Deborah Compagnoni frå Italia vart verdsmeister. Året etter, 1997, fekk Roten ein ny sølvmedalje i storslalåm under VM i Sestriere. I den same meisterskapen vann ho også bronsemedaljen i slalåm. I begge tevlingane var det atter Deborah Compagnoni som vart verdsmeister.

Roten vann to enkeltrenn i verdscupen i alpint, eitt i 1996 og det siste i 1998/99-sesongen. Elles i verdscuprenn fekk ho med seg tre andreplassar og ein tredjeplass. På samanlagtlista i verdscupen var ho som best i 1996-sesongen, ho kom då på tolvteplass.

Etter ho la opp som skialpinist i 2001, lanserte Roten sitt eige kosmetikkmerke. Sidan 2004 har ho også arbeidd som sidekommentator for fjernsynskanalen SF DRS.

Verdenscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land Disiplin
10. mars 1996 Hafjell Noreg Slalåm
20. desember 1998 Veysonnaz Sveits Slalåm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]