Sierra Nevada i Spania
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Sierra Nevada | |
| Fjellkjede | |
|
Sierra Nevada
|
|
| Land | |
|---|---|
| Region | Andalucia |
| Høgaste punkt | Mulhacén |
| - høgd | 3 478 moh |
| - koordinatar | |
| Orogenese | Den alpine |
| Periode | Tertiærtida |
Sierra Nevada, som tyder «dei snøkdekte fjella» på spansk er ei fjellkjede i regionen Andalucia i Spania. Her ligg det høgaste fjellet på det spanske fastlandet med ei høgd på 3478 meter over havet.
Fjellkjeda er ein populær turistdestinasjon og her ligg det sørlegaste skisenteret i Europa, i eit område ved Middelhavet som er kjend for varmt vêr og mykje sol. Ved foten av fjella ligg byen Granada og like ved ligg Málaga og Almería.
Delar av fjella er ein del av Sierra Nevada nasjonalpark. Fjella har vorte erklært eit biosfærereservat. Sierra Nevada observatorium ligg på nordsida av fjellet, om lag 2800 meter over havet.
Innhaldsliste |
[endre] Danning
Sierra Nevada vart skapt under den alpine orogenesen, som danna dei europeiske Alpane i aust til Atlasfjella i Nord-Afrika i sørvest. Fjella vart skapt i tertiærperioden (65 til 1,8 millionar år sidan) ved at den afrikanske plata kolliderte med den eurasiatiske plata.
[endre] Geografi
Sentralt i fjellkjeda går ein rygg frå vest-sørvest til aust-nordaust. Ein langt strekke av denne ryggen held seg over 3000 meter over havet.
På sørsida av fjella fører fleire lange, men smale elvedalar mot sørvest mellom fleire mindre fjellkjeder.
På den brattare og klippefulle nordsida går dalane i forskjellige retningar. Denen sida er dominert av Rio Genil som spring ut nær Mulhacén og som har mange sideelvar som òg spring ut i fjella.
[endre] Høgast fjell
[endre] Bakgrunnsstoff
- Satellittbilete
- Sierra Nevada skisenter
- Kart over Sierra Nevada
- Gamle bilete
- Sierra Nevada naturpark
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sierra Nevada (Spain)» frå Engelsk Wikipedia, den 13. mai 2009.
- Engelsk Wikipedia oppgav desse kjeldene:
- Engelsk språkleg magasine for regionen