Karl Wilhelm Reinmuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karl Wilhelm Reinmuth (4. april 18926. mai 1979) var ein tysk astronom.

Han var ein svært produktiv oppdagar av asteroidar, heile 395. Alle asterodiane vart oppdaga medan han frå 1912 til 1957 arbeidde hos Landessternwarte Heidelberg-Königstuhl, eit astronomisk observatorium som ligg på Königstuhl, ein ås oppom Heidelberg i Tyskland. Den første var 796 Sarita i 1914.

Dei viktigaste oppdagingane er 1322 Coppernicus, Apollo-asteroidane som starta med 1862 Apollo, og 69230 Hermes. 69230 Hermes vart oppdaga av Reinmuth i 1937, men let seg ikkje finne seinare. Den vart funnen igjen hausten 2003 som ei følgje av LONEOS-programmet, der ein har leita etter slike asteroidar som kjem nær jorda.

Han oppdaga også dei trojanske asteroidane 911 Agamemnon, 1143 Odysseus, 1172 Äneas, 1173 Anchises, 1208 Troilus, 1404 Ajax, 1437 Diomedes, 1749 Telamon.

Han oppdaga 5535 Annefrank som Stardust-romskipet har sett nærare på.

Han oppdaga to kometar, dei periodiske kometane 30P/Reinmuth og 44P/Reinmuth.

Asteroid 1111 Reinmuthia er oppkalla etter han, og vart oppdaga av han. Slik namnsetting har ein gått bort frå sidan.

Initialane på asteriodane 1227 til 1234, alle oppdaga av Reinmuth, stavar «G. Stracke». Denne tyske astronomen hadde sagt at dei ikkje skulle gi nokon asteriode namn etter han. Reinmuth heidra han på denne måten i staden:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Minneartiklar[endre | endre wikiteksten]