Karsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Karsk, òg kjend som kaffikarsk eller kaffidokter er ein alkoholdrikk laga av sprit (vanlegvis heimebrent) og kaffi, tidvis også sukker. Det er ein tradisjonell norsk drykk som har størst utbreiing i trøndelagsfylka og nordover. Karsk er mest populært i bygder og tettstader, men vert òg drukken av byfolk. Drikken finst òg i Sverige, der han blir kalla kask eller kaffekask.

Blandingsforholdet varierer etter styrken på spriten ein har til rådvelde. Bruker ein vanleg «96 %» heimebrent er ein som regel rausare med kaffien enn med sterkfludiumet. Med vanleg «kjøpsprit» på 60 % hender det at ein blandar halvt om halvt. Ei humoristisk oppskrift er å leggje ein koparmynt i botnen av koppen og så hella på kaffi til den vert borte. Deretter skal ein fylla på sprit til mynten kjem til syne att.

Kaffien som vert nytta til karsk er som oftast svakare enn vanleg kaffi, og på bygdefestar i Trøndelag har det vore vanleg å servere halve koppar med «tynnkaffi».

Kjelde[endre | endre wikiteksten]