Heimebrent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heimebrenningsapparat i Armenia.
Heimebrenning innandørs i Finland.

Heimebrent er i Noreg eit omgrep brukt om brennevin produsert utan særskilt løyve. Namnet avspeglar ulovleg produksjon heime hjå privatpersonar, men uttrykket omfattar òg ulovleg produksjon i større skala.

Tradisjonelt vert heimebrent laga av sats: Råstoff som er blanda og sett til gjæring. Mange slag råstoff kan brukast i satsen, men i Noreg er satsen ofte ei blanding av vatn, sukker og gjær. Satsen vert destillert, men ofte med ein kvalitet som gir for store mengder fusel, og brennevinet vert difor reinsa med kolfilter. Ferdig heimebrent er ofte nesten rein alkohol (96% og lågare).

Det er forbode i dei fleste land å lage brennevin utan særskilt løyve, sjølv til eigen bruk. I Noreg er dette heimla i alkoholloven, der det står at ein må ha løyve for å produsere alkoholhaldig drikk. Denne loven gir likevel i § 6-1 høve til brygging av øl og vin til eige bruk.[1]

Årsakene til at det er straffbart å brenne heime er mellom anna at det hindrar styresmaktene i å regulere bruken av alkohol gjennom avgifter, og at heimebrenten kan ha helseskadelege ureiningar som ville vorte fanga opp i internkontrollen til profesjonelle destilleri.

New Zealand har det vore lov å brenne heime i fleire år. Det engelske omgrepet for heimebrent er moonshine, eit brennevin som vert laga i nattemørket.

Heimebrenning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Heimebrenning vart utbreidd i Noreg ut over 1700-talet. I 1743 vart heimebrenning lovregulert, og forbodet vart innskjerpa i 1760. Men gjennom grunnlova av 1814 vart det frå 1816 tillate å framstille brennevin for brukarar av matrikulert jord og for byborgarar med borgarbrev. Men som ei følgje av den sterke auken i bruken av brennevin, vart heimebrenning totalforbode frå 1842. Likevel har produksjon av brennevin halde fram, og spesielt fekk ulovleg handel med brennevin eit oppsving etter som den offentlege omsetjinga av alkohol vart avgrensa, spesielt i forbodstida i 1920-åra.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. LOV 1989-06-02 nr 27: Lov om omsetning av alkoholholdig drikk m.v., Lovdata (lenka 14/10-2007)
  2. Espen Andresen: «Kultur, inntekt og problem : Heimebrenning i Vefsn gjennom århundrer» i Far etter fedrane2004