Trøndelag
Trøndelag er ein landsdel i Noreg som utgjer fylka Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag. Landsdelen har ei flatevidd på 41 260 km2 og 404 097 innbyggjarar (2006), som svarar til 12,7 % og 8,7 % av flatevidda og folketalet i landet. Den største byen i landsdelen er Trondheim.
Namnet Trøndelag kjem av norrønt Þrœndalǫg, der fyrste ledd er av folkenamnet þrœnd(i)r som høyrer saman med fyrste ledd i Trondheim; siste ledd av lag, 'lov', som er brukt om ein landsdel med felles lov. Folk frå Trøndelag er kalla trønderar, og dei har ein sterk identitet som mellom anna er særmerkt ved det trønderske målføret, som òg finst i området Nordmøre i Møre og Romsdal fylke.
Trøndelag var i eldre tider, truleg frå før år 700, nemninga på lovområdet som femnde bygdene kringom Trondheimsfjorden, der Namdalen og Fosen ikkje høyrde med. Området vart delt i Uttrøndelag med fylka Orkdœlafylki, Gauldœlafylki, Strindafylki og Stjórdœlafylki, og Inntrøndelag med fylka Skeynafylki, Verdœlafylki, Sparbyggjafylki og Eynafylki. Nemningane Uttrøndelag og Inntrøndelag har tidlegare vore brukt i enkelte administrative samanhengar, til dømes i den rettslege inndelinga i politidistrikt, men er i dag ikkje lenger i bruk i slik samanheng.
Landskap[endre]
Landskapet i Trøndelag består av skog og vassdrag. Elvane Orkla, Gaula, Stjørdalselva og Verdalselva fell raskt ned mot låglandet der dei har slake, meandrerande elveløp før dei munnar ut i Trondheimsfjorden. Berggrunnen i Trøndelag består av kambrosilurske bergartar som er sterkt omdanna ved den kaledonske fjellkjedefoldinga. Det vart danna fleire skyvedekke som kan karakteriserast ved to geologiske typeområde; Størendekket i vest og Meråkerdekket i aust.
Kjelder[endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Trøndelag»
|
|
||
|---|---|---|
| Nord-Noreg | Nordland · Troms · Finnmark | |
| Trøndelag | Sør-Trøndelag · Nord-Trøndelag | |
| Vestlandet | Rogaland · Hordaland · Sogn og Fjordane · Møre og Romsdal | |
| Sørlandet | Aust-Agder · Vest-Agder | |
| Austlandet | Østfold · Akershus · Oslo · Hedmark · Oppland · Buskerud · Vestfold · Telemark | |