Katedralskule
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katedralskule var opphavleg ein skule knytta til kristne domkyrkjer (katedralar). Skulane vart oppretta for å utdanne prestar til teneste i dei lokale kyrkjene. Dei tidlegaste norske katedralskulane kom truleg i gang på 1100-talet i Bjørgvin, Nidaros og Oslo. Dei skulane i Noreg som i dag nyttar nemninga «katedralskule» er vidaregåande, allmennfaglige skular drivne av det offentlege.
Kjelder [endre]
- Norsk Allkunnebok VIII. 1956