Skule
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein skule eller skole er ein privat eller offentleg institusjon eller eit lærested kor det blir undervist i fleire ulike fag, som regel for å gi barn og unge kompetanse for eit yrkesliv som vaksne. Undervisninga går føre seg gjennom eit samvirke mellom ein eller fleire lærarar som gjev undervisning og ei gruppe eller klasse elevar eller studentar som får undervisning. Ordet skule blir òg nytta om sjølve bygningen der undervisninga går føre seg. Skule kan òg tyde stil- eller læredannande retning innan eit fag, og i vid forstand danning eller oppdraging.
I dei fleste land er ein viss skulegang påkravd i løpet av oppveksten. Skuleplikta byrjar som regel når barnet er seks eller sju år og varer ofte til fylte 15 eller 16 år. Slik er det også i Noreg, og denne typen pliktig skulegang blir kalla grunnskule. I dag har alle rett til tre års vidaregåande skule i tillegg til den tiårige grunnskulen.
[endre] Ordsoge
Ordet skule eller skole fanst i to former allereie i norrønt, som skúli eller skóli. Ordet kan ha komme til norsk både gjennom lågtysk schole, gammalengelsk scol eller eldre nederlandsk scoele - som u-en i nynorsk 'skule' kanskje kejm frå. Ordet kjem opphavleg frå gresk skhole 'fritid, kvild frå kroppsarbeid; sysselsetjing med lærdomsøvingar'.[1]
Shul er eit jiddisk ord som tyder 'skole' og som viser til ein synagoge.
[endre] Bilete
|
Tavleundervisning under eit tre for ei klasse ved ein utandørsskule i ein fattig landsby i Northern Bahr el Ghazal i Sudan i 2002 |
Skriftleg eksamen ved Don Bosco Technical School, ein teknisk fagskule i Sihanoukville i Kampuchea. Studentene har på seg skuleuniform |
Bergen katedralskole blei stifta rundt 1153 og er dermed ein av Noregs eldste skular. Den gamle bygningen frå 1840, ofte kalla Latinskolen, er i dag skulemuseum i Bergen |
Undervisning ved ein engelsk danseskule i 2005 |
|
Undervisning i akvarellteknikk ved ein amerikansk skule kring 1900 |