Nidaros

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nidaros er det norrøne og historiske namnet på byen Trondheim. Namnet kjem av at byen ligg ved elveosen til Nidelva.

Stortinget vedtok i lov av 14. juni 1929 at byen "Trondhjem" frå 1. januar 1930 skulle ha "Nidaros" som offisielt namn. Loven vart laga etter mynster av lovane om namneskifte frå Kristiania til Oslo 1. januar 1925 og frå Fredrikshald til Halden 1. januar 1927. På nyåret 1930 var saka opp ei gong til, men konklusjonen vart at Nidaros skulle framleis vera bynamnet. I 1931 var saka oppe for tredje gong. Eit fleirtal samla seg om forslaget "Trondheim", som vart det offisielle namnet på byen frå 6. mars 1931 klokka 12.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Lockertsen, Roger: Gerhard Schøning om bynamna Nidaros og T[h]rondhiem : eit handskrift frå ca. 1760, Skrifter / Det kongelige norske videnskabers selskab ; 1, 1998 ISBN 82-519-1345-4 Nettversjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]