Kent Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kent Andersen

Fødd18. april 1962 (62 år)
Drammen
Statsborgar avNoreg
PartiFramstegspartiet (desember 2020), Demokratane (desember 2020; 14. mai 2022)
Yrkeskribent, lokalpolitikar
InstitusjonarDocument.no

Kent Andersen (fødd 18. april 1962 i Drammen) er ein norsk-newzealandsk forfattar, skribent og lokalpolitikar.

Andersen har bakgrunn frå industrien, arbeidd som vektar i fleire år og vore skribent, novelleforfattar og tekstforfattar i reklamebransjen. Han er i dag fast bidragsytar på nettavisa Document.no, og skriv kommentarartiklar frå ein nasjonalkonservativ og innvandringskritisk ståstad. Han vekte åtgaum for kronikken «Drøm fra Disneyland», som han skreiv i 2010 saman med partikollegaen Christian Tybring-Gjedde.[1]

Andersen debuterte som forfattar i 2015 med krimromanen Nakenape. I 2019 gav han ut sin andre krimroman, Skytsdjevelen.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Drøm fra Disneyland». Aftenposten. 25. august 2010. Henta 14. august 2019.