Kepler-teleskopet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kunstnarisk framstilling av Kepler.

Kepler-teleskopet er eit NASA-romteleskop og -fotometer som skal leita etter jordliknande planetar, med særleg fokus på om dei ligg i den levelege sona til moderstjerna. Planetane vert oppdaga når dei passerer framom moderstjerna, og soleis reduserer lysstyrken til stjerna med rundt éin titusendel. Teleskopet er namnsett etter den tyske astronomen Johannes Kepler.

Keplerinstrumentet har ein diameter på 0,95 meter, og skal observera eit utval på meir enn 100 000 stjerner kontinuerleg gjennom heile levetida på ferda, 3,5 år eller meir. Lysdetektorane til instrumentet har ei samla oppløysing på rundt 95 megapikslar. Kepler er ein del av Discovery-programmet til NASA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]