Kileskrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sumerisk liste over gudar skriven i kileskrift, ca. 2300-talet f.Kr.
Gammalpersisk kilskrift, innleiinga til den første Behistuninnskrifta.

Kileskrift er ei form for skrift som vart brukt av fleire oldtidsfolk i Midtausten. Namnet kjem av at teikna hadde form som kilar.[1] Ei rekkje ulike oldtidsspråk vart skrive med denne skrifta.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kileskrifta oppstod frå ei gamal form for skrift som ein brukte i Sumer. Denne skrifta hadde meir form av ei biletskrift, akkurat som egyptiske hieroglyfar. Dette var til bruk i handel, der det var trongst lister. Seinare kom teikna til å verte brukte for fleire ord. Teikna gjekk gjennom ei ganske omfattande utvikling. Dei eldste tekstane ein har funne, viser dei opphavlege biletteikna. Dei vart etter kvart stiliserte til enkle teikn sette saman av ulike mønster av kilar. På den måten oppstod den typiske forma som kileskrifta hadde. Kileskrifta var ei stavingsskrift med om lag 600 teikn.

Skrifta vart overteken av dei som snakka akkadisk, eit språk som var heilt ulikt sumerisk. Kileskrifta vart med tida eit utbreitt skriftsystem som vart nytta til mange vidt forskjellige språk. Ho vart brukt i Assyria og Babylonia. Ho vart òg brukt av hurrittar og elamittar, og dessutan av folk i Anatolia. Ei særeiga form for kileskrift var den ugarittiske skrifta, som vart brukt til å skrive ugarittisk. På eit seinare tidspunkt vart skrifta brukt av persarane. Der vart ho endra ganske mykje og minte meir om ei alfabetskrift med om lag 40 teikn.

I nyare tid byrja ein å tyde skrifta på slutten av 1700-talet. Viktige personar på dette området var dansken Carsten Niebuhr, tyskaren Georg Friedrich Grotefend, og engelskmannen Henry Rawlinson. Tydinga av denne skrifta opna ei heilt ny verd for arkeologane og forståinga av kulturane i oldtida vart større enn nokon gong før.

Etter kvart har ein funne fleire hundre tusen innskrifter på leirtavler. Desse innskriftene inneheld ofte handelsavtalar og brev. Men mange innskrifter med lover og kongelister er òg funne.

System[endre | endre wikiteksten]

Skrifta oppstod ved at sumerarane brukte enkle biletteikn for ulike gjenstandar. Dei fekk ein fonetisk verdi etter den opphavlege uttalen av orda dei stod for. Til dømes vart eit bestemt teikn brukt for det sumeriske ordet for himmel, an. Det teiknet kunne òg brukast for stavinga «an» i andre samanhengar. Sidan vart teiknet teke opp i skriftspråket til akkadarane, og der kunne det òg brukast for 'himmel', som på akkadisk heitte shamu. Dessutan heldt på det òg den lydverdien som det hadde hatt på sumerisk, slik at det enno kunne brukast for stavinga [an]. Eit teikn kunne difor ha fleire ulike lesemåtar. Tydinga ville framgå av samanhengen, eller ein tilføydde òg determinativar for å gjere forståinga lettare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf kile m. 'kløyvereiskap laga av eit avlangt stykke av metall, tre o. l. som er kvesst til egg i eine enden; bleig' i Nynorskordboka.