Henry Rawlinson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Henry Creswicke Rawlinson

Henry Creswicke Rawlinson (11. april 18105. mars 1895) var ein engelsk offiser, forskar, diplomat og politikar. Han er kjend for sine bidrag til å tolka sumerisk kileskrift, og er blitt kalla far til assyriologien.

Rawlinson var tilknytt Det britiske austindiakompaniet og arbeidde for britiske interesser i India og Iran under «Det store spelet» mot Russland om innverknad i Asia. Han var òg britisk parlamentsmedlem.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Rawlinson var fødd i Chadlington i Oxfordshire. Han blei kadett for Det britiske austindiakompaniet, og drog til India i 1827. Der steig han i gradene til å bli offiser, og drog i 1833 til Iran for å organisera styrkane til sjahen. Her byrja han sine undersøkingar av gamle sumeriske tekstar.

I 1840 blei Rawlinson oppnemnd til politisk agent i Kandahar. I 1843 blei han britisk konsul i Bagdad, og i 1851 blei han generalkonsul.

Henry Rawlinson trekte seg tilbake frå aktiv teneste for Austindiakompaniet i 1855, og blei då i staden direktør for selskapet. Rawlinson var parlamentsmedlem i 1858 og igjen i 1865–68. I 1858 blei han med i det nyutnemnde India-rådet (Council of India) og i 1859-60 var han minister ved det iranske hoffet i Teheran.

Tilbake i Europa gav Rawlinson ofte råd om politik i Austen. Han tok imot sjahen av Persia då denne vitja England i 1873 og 1889, og bidrog ved verdsutstillinga i Paris i 1878 og India- og koloniutstillinga i 1886. Rawlinson døydde i 1895 i London.

Akademisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

Gammalpersisk kileskrift frå Behistun-innskrifta.

Rawlinson var levande interessert i språk og leivningar. Etter at han kom til India lærte han seg raskt indiske språk og persisk. I løpet av sine første to år i Persia heldt han til nær Behistun-innskrifta ved Kermanshah. Innskrifta blei laga under Darius den store på rundt 500 f.Kr. og inneheld tekst på gammalpersisk, elamittisk og babylonsk. Alle tekstane var skrivne med kileskrift, som til då ikkje var blitt tyda. Rawlinson klatra opp til innskrifta og klarte kopiera den gammalpersiske biten – dei andre to språka var for vanskeleg tilgjengelege. Rawlinson gav ut ein full transkripsjon med omsetjing og illustrasjonar i «Notes on the Inscriptions of Assyria and Babylonia» i Journal of Royal Asiatic Society i 1846. Saman med andre forskingsarbeid gjorde dette at ein hadde knekt kileskriftkoden.

Gjennom militærkarrieren skreiv Rawlinson reiseskildringar og historiske verk. Eit viktig arbeid var Outline of the History of Assyria (1852).

Henry Rawlinson hadde eit langvarig samarbeid med Det britiske museet. Allereie rundt 1850 gav han antikvitetssamlinga si frå Persia til museet. Som generalkonsul i Bagdad overtok han rolla til arkeologen Henry Austen Layard med å skaffa fleire gamle skulpturar. I perioden 1853–1855 leia han på oppdrag frå mueet utgravingane i Ninive og Babylon. Han deltok i leiinga av museet frå 1876 til han døydde i 1895.

Henry Rawlinson som «spion». Karikatur frå Vanity Fair i 1873.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Rawlinson fekk fleire utmerkingar for sine ulike fortenester. I 1839 mottok han gullmedalje frå Royal Geographical Society for eit verk han hadde skrive om ei reise i persisk Kurdistan i 1839.

For si rolle i forsvaret av britiske interesser i Afghanistan blei Rawlinson utnemnd til storkrossriddar av Order of the Bath og dekorert med den persiske Løve- og solordenen og Durraniordenen av tredje klasse.

Han blei utnemnd til baronett i 1891 for si langvarige og utmerka teneste for staten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Henry Rawlinson ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Henry Rawlinson

Kjelder[endre | endre wikiteksten]