Kilometer per time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fartsmålar eller speedometer bak rattet i ein bil som viser farten i kilometer per time.

Kilometer per time, (kilometer i timen), forkorta km/h eller km/t, er ei eining som vert nytta for å gi opp farten til køyretøy, til dømes når ein fastset ei fartsgrense. Internasjonalt nyttar ein forkortinga km/h. Eininga kan utleiast frå SI-einingane meter og sekund.

Omrekning[endre | endre wikiteksten]

  • 3.6 km/t ≡ 1 m/s
  • 1 km/t ≈ 0.277 78 m/s
  • 1 km/t ≈ 0.621 37 mph (engelsk mil i timen)
  • 1 knop ≡ 1.852 km/t
  • 1 engelsk mil = 1.609344 km (~1.61 km)
  • 1 mph = ~1.61 km/t
  • 1 km/t = ~0.62 mph