Kim Jong-un

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kim Jong-un (fødd i 1983 eller tidleg i 1984) har vore de facto diktator i Nord-Korea sidan 17. desember 2011. Kim Jong-un er den tredje yngste sonen til Kim Jong-il, tidlegare leiar i Nord-Korea. Frå 2010 vart han sett på som arvtakar til leiinga av Nord-Korea. Etter at faren døydde vart han utropt til «Den store etterfølgjaren» av nordkoreansk fjernsyn, og vart då de facto leiar i landet.

Kim er Daejang, tilsvarande general, i Den koreanske folkehæren og nestleiar i den sentrale millitærkommisjonen. Det er ikkje kjent nøyaktig når Kim vart fødd, men det er anten i 1983 eller tidleg i 1984. Nokre kjelder gjev opp datoen til 8. januar 1984.

Han gjekk på den engelskspråklege International School of Berne i Sveits inntil 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]