Kim Jong-il

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kim Jong-il.

Kim Jong-il (koreansk 김정일, 金正日) (fødd 16. februar 1941 i Vjatskoje, død 17. desember 2011) var eineveldig statsleiar i Nord-Korea frå 1994 til 2011. Han var son til Kim Il-sung, som han etterfylgde som leiar i landet. Han hadde postane som ordførande i den nasjonale forsvarskomitéen og generalsekretær i arbeidarpartiet i Korea. Tidlegare vart han nemnd offisielt som Den Kjære Leiaren, men seinare berre som Ordføraren. Fødselsdagen han er allmenn helgedag i Nord-Korea.