Kimono

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Geishaer opptrer i kimono i Kyoto.

Kimono er namnet på den japanske nasjonaldrakta. Nemninga viser i dag til ei ankelsid eller lengre kåpe med vide erme som hovudsakleg blir brukt av kvinner.

Skjematisk teikning av ein kimono med namn på dei ulike delane.

Ein kimono er utforma med rette linjer som gjev han ei T-form i utstrekt tilstand. Når ein ber han blir han festa tett til kroppen med eit breitt belte, obi, som vanlegvis blir festa på ryggen. Til ein kimono har ein vanlegvis tradisjonelt fottøy, skor som zōri eller geta og tåsokkar, tabi.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Sumobrytarar i yukata.
Ryggen til ei kimonokledd ungjente med belteknute.

I det moderne Japan bruker ein helst kimono til høgtidelege høve, som giftarmål, teseremoniar og liknande. Nokre få eldre kvinner og endå færre menn ber han til dagleg. Sumobrytarar, som er pålagde å bera tradisjonelle klede offentleg, bruker ofte den enkle bomullskimonoen yukata.[1]

Mønster og utforminga av kimonoen fortel tradisjonelt noko om den sosiale statusen til beraren. Furisode, ein kimono med erme som når golvet, er til dømes knytt til ugifte kvinner.[2]

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet kimono (japansk 着物) tyder bokstaveleg 'noko å ha på seg', frå ki, 'ha på seg' og mono, 'ting',[3] men viser i dag til ein særskild tradisjonell japansk drakttype.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lorna Sharnoff, Grand Sumo. Weatherhill, 1993. ISBN 0-8348-0283-X (Engelsk Wikipedia)
  2. Liza Dalby, Kimono: Fashioning Culture. University of Washington Press, 2001. ISBN 0-295-98155-5
  3. kimono from Merriam-Webster

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kimono