Kitsissuarsuit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kitsissuarsuit
busetnad
Land  Grønland
Kommune Qeqertalik kommune
Areal 0,79 km²
Folketal 50 (1. januar 2020)[1]
Kart
Kitsissuarsuit
68°51′25″N 53°07′15″W / 68.856944444444°N 53.120833333333°W / 68.856944444444; -53.120833333333
Wikimedia Commons: Kitsissuarsuit

Kitsissuarsuit (dansk Hunde Ejland, tidlegare òg stava Kitsigsuarssuit) er ei bygd i Qeqertalik kommune, på vestkysten av Grønland. Ho hadde 53 innbyggarar i 2018.[2]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det grønlandske namnet Kitsissuarsuit betyr «øygruppe som ligg lengre ute mot det opne havet enn dei andre».[3] På dansk heiter staden Hunde Ejland.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kitsissuarsuit ligg på øya Oqaarsut nordvest for Aasiaat. Avstanden til Aasiaat er 21 km.[3] Hamna her er isfri frå mai til desember.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden blei grunnlagd i 1830. Han hadde då allereie vore brukt av kvalfangarar, fram til 1817, men blitt forlaten.[3]

I 1987 blei det etablert eit elektrisitetsverk her, og hamneområdet blei bygd ut. Det er òg bygd ein vasstank med avsalta havvatn.

Fram til 2013 fanst det eit fiskemottak her.[3]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringsvegen i Kitsissuarsuit er fiske og fangst. Kitsissuarsuit har ei hamn eigd av dei grønlandske sjølsvstyremaktene.[3] Staden blir tent av bygdeskipsruta til Royal Arctic Line.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]