Aasiaat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aasiaat
Styresmakter
Land
Provins
Kommune
Danmark
Grønland
Aasiaat
Grunnlagd 1759
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2005)

3310
Koordinatar 68°43′″N 52°53′″WKoordinatar: 68°43′″N 52°53′″W
Diverse anna
Postnummer 3950
Plassering
Aasiaat is located in Grønland
Plasseringa til Aasiaat

Aasiaat (dansk Egedesminde, tidlegare skrive Ausiait) er den fjerde største staden og ein kommune på Grønland. Kommunen dekkjer fleire øyar sør i Diskobukta (Aasiaatøyane vest på Grønland).

I lag med Qeqertarsuaq er han ein av to kommunar på Grønland som ikkje dekker delar av fastlandet. I 2005 hadde kommunen 3310 innbyggjarar og dekte eit område på 4000 km². Aasiaat vert stundom kalla «Kvalbyen»[1], fordi havpattedyr som kval og sel er eit vanleg syn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den største øya i Aasiaatøyane er Saqqarliup Nunaa, som ikkje er busett, men som har bygningar for å huse turistar. Vest på denne øya ligg den forlatte landsbyen Manermiut. Folketalet i kommunen er fordelt mellom tre busetnader (folketal frå 2005):

  1. Byen Aasiaat (3100 innb.) ligg på ei øy med same namn, like nordvest for Saqqarliup Nunaa.
  2. Landsbyen Akunnaaq (Akúnâk) (101 innb.) ligg på ei øy med same namn like nordaust for Saqqarliup Nunaa og 23 km nordaust for byen Aasiaat.
  3. Landsbyen Kitsissuarsuit (109 innb.) likk på ei lita øy med same namn (på dansk heiter på øya og landsbyen Hunde Ejland), 21 km nordvest for Aasiat.

Ein annan forlatt landsby er Vester Ejland, på ei øy med same namn som er den vestlegaste i øygruppa, 29 km frå Aasiaat.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

På grønlandsk tyder Aasiaat «edderkoppar». Ein kjenner ikkje til den nøyaktige forklaringa for dette. Ei sannsynleg årsak kan ha vore at då busetnaden først vart grunnlagd så fanst det mykje edderkoppar her, noko som er sjeldan å sjå på Grønland i dag.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innfødde folk[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn i området viser at det har vore menneske her tilbake til 4000 år f.Kr. Den tidlegaste moderne busetnaden dukka opp rundt 1200. Desse var truleg jegerar som slo seg ned her. Desse innbyggjarane jakta grønlandssel og lodde (ammassaat) nær Sydøstbukta om våren. Om sommaren flytta dei til Nordre Strømfjord for å ta reinsdyr og kveite. Om hausten reiste dei tilbake til Diskobukta for å jakte små grønlandsselar. Om vinteren fraus bukta til og dei jakta narkval og kvitkval. Desse tidlege innbyggjarane utforma og bygde sine eigne kajakkar og umiakar, som dei nytta som hundesledar når vatnet fraus til om vinteren.

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden som vart Aasiaat vart grunnlagd i 1759 av Niels Egede, son av Hans Egede, ein norsk misjonær. Etter han vart staden kalla Egedesmindekolonien og låg nord for Nordre Strømfjord, 125 km sør for dagens Aasiaat. Byen vart flytta til den noverande staden i 1763. Dei fleste innbyggjarane var kvalfangarar og kopparbasillane som dei førte med seg var farlege for dei innfødde innbyggjarane, og særleg i 1770-åra mista mange livet. Mot byrjinga av 1800-talet hadde innbyggjartalet stabilisert seg og steig sakte. I 1805 var det 305 innbyggjarar og i 1901 1269.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Aasiaat opplevde vekst på første halvdel av 1900-talet.

3. mai 1940 vart det signert ein avtale i Godhavn som let amerikanske avlastingsfly på veg mot Storbritannia få nytte grønlandsk, islandsk og skotsk luftrom. Sidan Danmark var under Nazi-Tyskland sin kontroll under den andre verdskrigen kunne dei ikkje sende forsyningar til Grønland, og USA og Canada fekk denne oppgåva. Forsyningane vart lagra nær Aasiaat, og vart så transport vidare til andre byar i regionen, som Uummannaq og Sisimiut.

Etter krigen heldt Aasiaat fram å vekse. Ein vêrstasjon vart oppretta her i 1942 av amerikanarane. Torsk har vore ei økonomisk viktig næring sidan 1930-talet og fisken vart sendt til ein ny fabrikk for å verte salta og pakka. Andre næringar sprang òg opp, tilpassa ressursane og klimaet i regionen. I 1950-åra vart eit kraftverk og ein telekommunikasjonsstasjon bygd her.

I 1998 opna ein ny rullebane ved staden som Air Greenland opererer.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Fiske etter reker og krabbe, skipsbygging og turisme er hovudnæringane i regionen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Aasiaat har fire skular: ein vanleg skule (Gammeqarfik), ein yrkesskule (GU Aasiaat), ein skule for funksjonshemma (Ado Lyngep Atuarfia) og ein musikkskule (Aasiaat Music-school).

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Området i og rundt kommunen har mange tenester for turistar, som kajakkpadling, skigåing, hundeslede og kvalsafari.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]