Klaus Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klaus Mann som serjant i den amerikanske hæren, Italia 1944. På veggane heng flygeblad, til dels forfatta av han sjølv.

Klaus Heinrich Thomas Mann (fødd 18. november 1906 i München; død 21. mai 1949 i Cannes, Frankrike) var ein tysk-amerikansk tyskspråkleg forfattar.

Klaus Mann var son av Katia Pringsmann og den tyske forfattaren og nobelpristakaren Thomas Mann. Klaus starta sin litterære løpebane under Weimarrepublikken, og var å rekne som ein outsider ved å omhandle tabulagde tema: i sitt første, svært suksessfylte skodespel, Anja und Esther (uroppførd 1925), skreiv han om lesbisk kjærleik og etter at han sjølv var «ute av skåpet», om mannleg homofili i romanen Der fromme Tanz.

Mann emigrerte i 1933. Frå eksiltilværet i USA gjorde han ein nyorientering av verktematikken, og blei ein av dei litteratane som kjempa mot nasjonalsosialismen. Han fekk amerikansk statsborgarskap i 1943. Verka hans blei nyoppdaga i Tyskland fleire år etter at han var død. I dag blir Klaus Mann rekna som ein av dei viktigaste representantane for den tyskpråklege eksilliteraturen etter 1933.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Mefisto : roman om en karrière, Oktober forlag, Oslo 1983, 1995. Omsett frå tysk av Ådne Goplen, etterord av Odd Eidem ISBN 82-7094-679-6
  • Vendepunktet : en livshistorie, Oktober forlag, Oslo 1994, 2001. Omsett frå tysk av Sverre Dahl ISBN: 82-495-0014-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Klaus Mann