Thomas Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Mann
Nobelprisen i litteratur
Nobelprisen i litteratur
1929

Thomas Mann (fødd 6. juni 1875 i Lübeck, død 12. august 1955 i Zürich) var ein tysk forfattar og nobelprisvinnar.

Han blei fødd i hansastaden Lübeck. Faren, Thomas Johann Heinrich Mann, var senator og storkjøpmann som handla med korn, men døydde då Thomas Mann var berre 15 år. Mor hans, Julia da Silva-Bruhns, var av tysk-brasiliansk slekt. Familien flytta etter farens død til München, der Mann levde frå 1891 til 1933, med unntak av eit eitt-årig opphald i Palestrina i Italia med broren Heinrich tidleg i karrièren. Han gifta seg med Katharina Hedwig («Katja») Pringsheim, dotter av ein prominent, sekularisert jødisk familie av intellektuelle, og som bl.a. var barnebarn av den tyske kvinnerettsforkjemperen Hedwig Dohm og nedstamma frå ein av Münchens rikaste familiar. Han emigrerte til Küsnacht ved Zürich i Sveits i 1933, og døydde i det nærliggjande Kilchberg i 1955. I den lange perioden i eksil blei familien forsørgd av Katja Mann, mens Thomas Mann konsentrerte seg om å skrive.

Thomas Mann fekk Nobelprisen i litteratur i 1929, for romanen Buddenbrooks. Like kjende er Døden i Venedig og Doktor Faustus.

Han var den yngre broren av Heinrich Mann, og far til Klaus, Erika, Golo (Angelus Gottfried Thomas), Monika, Elisabeth og Michael Mann.

Dei fleste av novellene hans omhandlar spenninga mellom den usikre, dødselskande kunstnaren og den lovlydige, livsbekreftande borgaren. Mann sine dagbøker, som blei avsegla i 1975, talar gripande om hans eigen kamp med homoseksuelle ynskje, som fann uttrykk i verka hans, særleg Døden i Venedig. Mann skildra kjenslene sine for den unge fiolinisten og målaren Paul Ehrenberg som «den sentrale opplevinga for hjartet mitt».

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Der kleine Herr Friedemann, novellesamling 1898, ikkje omsett
  • Huset Buddenbrook, roman 1901, omsett 1903 o.fl.
  • Tonio Kröger, novelle 1903, omsett 1949
  • Hans kongelige høyhet, 1909, omsett 1950
  • Døden i Venedig]], forteljing 1912, omsett 1913
  • Der Zauberberg (Trolldomsfjellet), roman 1924, først omsett 1935 (tidlegare norsk tittel: Trollfjellet)
  • Mario und der Zauberer, forteljing 1930, ikkje omsett
  • Josef og hans brødre, tetralogi 1933-43, omsett 1993-1995
  • Das Problem der Freiheit, 1937, ikkje omsett
  • Lotte in Weimar, Roman 1939, ikkje omsett
  • Die vertauschten Köpfe - Eine indische Legende, 1940, ikkje omsett
  • Doktor Faustus, roman 1947, omsett 1969
  • Der Erwählte, roman 1951, ikkje omsett
  • Storsvindleren Krull, 1922/1954, omsett 1952 (tidlegare norsk tittel: Plattenslageren)
  • I tillegg er fleire artiklar og essays av Mann omsette til norsk.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Eit utval filmar som er bygde på Mann sine romanar, noveller og motiv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thomas Mann